Heisann!
Onsdag denne veka vart det halde møte i Bergen der me hovudsakleg
snakka om Z-day og ny nettside. Det kom fram eit par konkrete planar
når det gjeld Z-day. Me har bestemt oss for å kjøpa domenet
zday.no
der me vil få opp ei enkel side som skal promotera dei ulike
arrangementa i Norge. Så langt er det planar om arrangement i Bergen,
Oslo, Drammen og kanskje Haugesund/Etne. Folk i Bergen tar i
utgangspunktet ansvar for å starta arbeidet med sjølve sida, men det
trengs input frå dei som skal arrangera Z-day dei ulike stadene om kva
planar som eksisterar, og kva info dei vil ha opp på Z-day-sida (kan
kontakta meg foreløpig på
bil...@hotmail.com). Me vonar også at det er
nokon der ute som kan tenkja seg å arrangera Z-day andre stader enn
dei som er nemnd. Det treng ikkje vera store greiene, finn ein stad å
syna Moving Forward eller Addendum eller del ut flygeblad og prat med
folk. Dersom du lurar på om det er andre i nærleiken av deg som også
kan tenkja seg å få til noko, sjekk ut kartet vårt
http://zeitgeistbevegelsen.no/forum/for-nye-medlemmer/hvor-i-norge-bor-du/
og dersom du ikkje står på kartet sjølv, legg inn ein post!
Me fann ut det er naudsynt med eit Teamspeak-møte for plannleggjing
sidan det strengt tatt ikkje er så lenge til 12.mars... Dette møtet
vil finna stad i eit av møteromma for Europa på Teamspeak-serveren til
Zeitgeistbevegelsen førstkomande laurdag frå kl. 12.00. Dersom du
ikkje er kjend med teamspeak sjå her:
http://vimeo.com/9718101. Agenda
for møtet er ikkje fastlagd, men me vil ta til med arbeid kring Z-day-
nettside og flygeblad. Avhengig av kor mange som kjem vil det
fokuserast på organisering av arrangementet i Bergen. Vonar fleire enn
oss som var på møtet i Bergen onsdag har høve til å verta med!
-Vegard