Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Endeleg forslag til charter for no.fag.typografi

0 views
Skip to first unread message

Kjetil Torgrim Homme

unread,
Dec 1, 1998, 3:00:00 AM12/1/98
to
[Dette er eit endeleg charter for denne gruppa. Sidan gruppa skal
opprettast som ein del av endringane vedteke i strukturvalet, vil det
ikkje kome noko "endeleg forslag om å opprette gruppa" -- om det ikkje
kjem innvendingar til charteret i løpet av ei veke vil gruppa
opprettast.]

Gruppenamn:

no.fag.typografi

Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit):

Typografisk praksis, estetikk og erfaringer.

Målet med gruppa:

Gruppa skal vere ein møtestad for personar som er interessert i
trykkekunst og grafisk formgjeving av dokument.

Vi vil ha:

Diskusjon om typografi-relaterte tema. Nokre eksempel:

- Ulike skrifttypar og kva dei eignar seg til.
- Typesetjings-konvensjonar ("Kva sitatteikn skal ein bruke?", "Kva
er skilnaden på aksentane?" osv.)
- Programvare for typografar (Fontographer, Quark etc.) i den grad
der ikkje finst meir spesifikke grupper for programmet (gjeld
f.eks. TeX).
- Typografi-terminologi.

Vi vil ikkje ha:

Diskusjon om rettskriving (bruk no.fag.norsk.diverse). Heller ikkje
annonser og reklame, det skal skal sendast til no.marked.*

Grunnlaget for gruppa:

Skal erstatte no.typografi.

--
Kjetil T.

0 new messages