NM i Asker var ei hyggeleg oppleving - fint ver og bra arrangement.
Det eg savna var litt lettare tilgang til kva kampar som gjekk og
skulle spelast.
For min del var det spanande å sjå dei nye unge i aksjon. Martin
Spinnangr ser ut til å ha alt som skal til for å klatra opp i
verdstoppen: rekkevidde, ballkontroll og godt hovud, i tillegg til ein
god makker.
Øyvind Hordvik ligg litt etter, men problema hans låg ikkje der ein
kunne tru - i mottak og legg. Som midtspelar under Ivar B. har han vel
ikkje blitt så allsidig opplært, men eg syntes han hadde god kontroll
på baggeren. Derimot sleit han ein del i angrep, gjerne med fleire
feil på rad. Det ser ut som om han har eit litt uryddig tilløp, og
kjem litt vel ofte i ubalanse. Det kan vera at det rettar seg med litt
meir sandtid.
Alt i alt vart eg imponert.
are