Eg leiter etter informasjon om eventuelle etterkommarar etter mormors kusine
Gudrun Engh.
Ho var født 1897 i Våler i Solør og døydde visstnok i 1946 i Stange. Ho var
dotter til Erik G. Engh frå Nord-Aurdal og Dorthea E. Braskerud frå Våler.
Ho var visstnok gift Røhne.
Er det nokon som kjenner til om ho har etterkommarar?