Se info om en ip adresse
Hvem som eier en email adresse
Om en email adresse finnes
osv...
Hilsen Eirik
> Hvilke komandoer kan jeg bruke på login.sol.no?
> Jeg tenker da på komandoer som jeg kan bruke til å:
>
> Se info om en ip adresse
whois er kommandoen. Problemet er at ansvaret er delegert utan at det
er opplagt kva tenar du skal spørje. I utgangspunktet skal du spørje
whois.arin.net. Dersom ARIN seier at det er ei blokk delegert til
RIPE, kan du spørje whois.ripe.net (gjeld dei fleste norske adresser).
Svenskane har sin eigen whois tenar som eg ikkje hugsar namnet på, det
same har britane.
Du kan også slå opp i DNS, det kan gi eit anna svar. Eksempel:
$ host login.sol.no
login.sol.no has address 195.225.2.26
Eg kan no skrive
$ host -t soa 2.225.195.in-addr.arpa
2.225.195.in-addr.arpa start of authority ns1.sol.no hostmaster.sol.no(
[teknisk junk]
Merk IP-adressa er skriven baklengs, men utan siste talet. No veit eg
at hostm...@sol.no er ansvarleg for DNS for denne IP-adressa.
Dersom eg ikkje får svar, må ein kutte ut eit tal og spørje på nytt
(etter 225.195.in-addr.arpa i dette tilfellet.)
> Hvem som eier en email adresse
Tilsvarande som for IP-adresser, men no spør du fyrst
whois.internic.net.
> Om en email adresse finnes
Gitt adresse f...@gazonk.com, så gjer du:
$ host -t mx gazonk.com
Du får eit svar a la:
$ host -t mx gazonk.com
gazonk.com mail is handled (pri=10) by mail1.gazonk.com
gazonk.com mail is handled (pri=20) by mail2.gazonk.com
Plukk ut den med lågast prioritet, og skriv
$ telnet mail1.gazonk.com smtp
[varierande mengde med velkomstmeldingar]
VRFY f...@gazonk.com
[svar eller feilmelding]
VRFY foo
QUIT
Ganske mange har skrudd av VRFY-kommandoen i våre dagar. Det synest
eg er trist.
Vonar dette var til hjelp! Dersom login.sol.no ikkje har
host-kommandoen, så har dei heilt sikkert /usr/sbin/nslookup som kan
brukast til det same men med annan syntaks.
Kjetil T.
(Oppfylgjerartiklar til no.it.nettverk.)