Tosk!
Det er ingen grunn til å anta at musikken var dårlegare på 1980-talet
enn i andre periodar. Mitt inntrykk er snarare det motsette, medan
moderne artistar som Justin Bieber stort sett appelerar til dei yngste
med kortast horisont og minst utvikla musikksmak, appellerer mange
artistar frå 1970 og 1980-talet til langt breidare og langt meir
kritiske aldersgrupper.
So til saka - Rølles sin altfor tidlege død. Eg kan utan vidare slutta
meg til trådstartar sine kommentarar omkring The Monroes og deira
viktige innsats for norsk musikk. Ein kan også nemne fleire sterke
Monroes-låtar som "Move in closer" og "Uncle Bernie". At denne tråden
ikkje fått den merksemda den hadde fortent fortel vel mest om nivået
på folkeskikken til dei som postar mest her (Nenseth, Lund,
Solskogen)?
Svein Erik