>Er det noen som har teksten til "Eg heiter Ola tveiten og eg gjer så
>godt eg kan ...." osv.. ??
OLA TVEITEN
Eg heiter Ola Tveiten, og eg er ein arbeidsmann
eg eig ein traktor og meg sjølv, og gjer så godt eg kan.
Og bjørnen ligg i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg,
for i heile vinter hev eg vore med og rydda veg.
Vegen blei fin og rein og slett, suddelida suddelidei
den finaste eg hev sett, suddelida suddelidei
nei det vart ingen krøttersti, om ikkje han ligg der i evig tid
skal eg ete opp lua mi, suddelida suddelidei
Tralla lallalalla FYLL OPP I TOMME KRUS!
Og eg har vel lempa pukkstein og eg har vel lempa grus
og eg har vel lengta heim eingong til kjerring og til hus,
og eg har vel budd i brakke i vekesvis i trekk
og eg har vel liggi om kvelden, og ønska meg ti mil vekk.
Og dagen var lang og han var svart suddelida suddelidei
arbeidet var tungt og hardt suddelida suddelidei
spør du meg skal du få svar, at det var arbeid for ein kar
i frå oktober til januar suddelida suddelidei
Tralla lallalalla FYLL OPP I TOMME KRUS!
Og snart skal vegen oppnast, med mange store ord
så får me sjå ein kakse som kan klippe av ein snor.
Og narren står og smiler, vi har sett det så ofte før,
og held ein takketale for den stolte kontraktør
Så ropar dei alle høgt HURRA! suddelida suddelidei
og får billete sitt i bla' suddelida suddelidei
Men du finn nok ikkje oss blandt alle dei fine folk i floss
nei du kan be dei dra tel Moss suddelida suddelidei
Tralla lallalalla FYLL OPP I TOMME KRUS!
Og når du sit i bilen din ein skinande sumardag
så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag
som har jobba seg frametter vegen fleirfaldige tunge mil
for at du skal få trå på ein gasspedal og kjøra kvarhelst du vil
Mens vi rydda vegen bit for bit suddelida suddelidei
kvar meter har kosta slit suddelida suddelidei
Men vegen skal du ha om ikkje du tykkjer han er bra
Lukt til Helvete kan du dra, suddelida suddelidei
Tralla lallalalla FYLL OPP I TOMME KRUS!
--
---=== Bjørn Arve ===---