Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Enkel streamingløysing for husbruk?

2 views
Skip to first unread message

Hans Georg Schaathun

unread,
Jun 25, 2011, 3:37:25 AM6/25/11
to
Kan nokon anbefala eit enkelt og høveleg program for å streama
media frå ein ubuntu-tenar for husbruk?

Eg har sett mest på musikk (mp3 og flac) hittil, og det er
viktig at tenaren tek filene frå ein vanleg katalogstruktur
som eg òg kan manipulera med andre verkty. Klientar skal
køyra på ubuntu, max os, og kan henda android og iOs, med
minst mogleg dikkedarar.

Eg har prøvd tre program so langt.
1. zeya er kanskje nærast det eg ser etter.
Det var svært behageleg å få oversikta i ei vevlesar, og
filene spelt direkte derifrå (HTML5). Men. Han listar
alle kutta på ei side, utan nokon katalog/album-struktur,
og det er ikkje godt nok.
2. musicindex-modulen i apache. Her får eg katalogstrukturen
som eg saknar i zeya, men apache bruker ikkje html5, og
av ein eller annan grunn klarer korkje iTuens (mac)
eller vlc (ubuntu) å spela filene, som firefox og safari
spelte utan problem gjennom HTML5, og som eg òg kan spela
direkte frå disk.
3. ampache verkar ikkje (internal server error/500).
Det ser ut til at apache stoggar på «deprecated» php-kode.

Eg såg so vidt på gnump3d, men lot det vera sidan det ikkje
lenger finst noka ubuntu-pakke og dei postingane eg såg var
mange år gamle. Eg fann òg nokon som hevda at det egnar seg
best for små samlingar. Dersom nokon seier dei har gode og
ferske røynsler so skal eg prøva likevel :-)

Er det nokon som kjenner betre løysingar, evt. kan fortelja meg
kva eg gjer feil med det eg har freista?

TIA

--
:-- Hans Georg

Hans Georg Schaathun

unread,
Jun 26, 2011, 2:51:18 AM6/26/11
to
Hei,
lita oppdatering i fall andre har same problem

Eg fall til slutt ned på jinzora3. Det ser ut til å fungera tåleleg
bra so lenge ein bruker vlc på klientsida. Konfigurering kan vera
litt tungvint, og iTunes er ikkje kompatibelt, men det siste er det
antageleg ikkje råd å gjera noko med.

On Sat, 25 Jun 2011 08:37:25 +0100, Hans Georg Schaathun
<h...@schaathun.net> wrote:
: 2. musicindex-modulen i apache. Her får eg katalogstrukturen


: som eg saknar i zeya, men apache bruker ikkje html5, og
: av ein eller annan grunn klarer korkje iTuens (mac)
: eller vlc (ubuntu) å spela filene, som firefox og safari
: spelte utan problem gjennom HTML5, og som eg òg kan spela
: direkte frå disk.

Streaming av /album/ fungerer faktisk bra her, som i jinzora.
Då får eg ei speleliste som vert opna i ein sjølvstendig vlc,
og alt går som i jinzora. Einskildkutt vert derimot opna i
ein vlc-plugin, som ikkje ser ut til å tola flac.

--
:-- Hans Georg

0 new messages