Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Velkomen til no.it.programvare.emacs!

0 views
Skip to first unread message

USENET Noregs Arbeidsutval

unread,
Jun 2, 1999, 3:00:00 AM6/2/99
to
no.it.programvare.emacs er no oppretta. Dersom du ikkje finn gruppa, så
les siste delen av denne meldinga.

Gruppenamn:

no.it.programvare.emacs

Kort skildring (maksimalt 56 teikn, det vert heilt hit):

Om editoren Emacs.

Målet med gruppa:

Å ha ein stad der ein kan diskutere bruk av Emacs og utvidelsar av
Emacs. Alle Emacs-variantar er velkomne: GNU Emacs, GNU XEmacs,
Gosling Emacs etc.

Vi vil ha:

* Diskusjonar om bruk og tilpassing av Emacs.
* Spørsmål og svar om programmering i Emacs Lisp.
* Diskusjonar om store og små programpakkar skrive for Emacs-miljøet,
f.eks. Gnus, vm, ange-ftp, GUD.

Vi vil ikkje ha:

* Kranglar om kva som er best av vi og Emacs.
* Kranglar om kva som er best av GNU Emacs, XEmacs osv.
* Vi vil heller ikkje ha reklame eller andre former for spam.

Grunnlaget for gruppa:

Skal erstatte no.it.emacs.

------------------------------------
Kva gjer eg om eg ikkje finn gruppa?
------------------------------------

Grunnen er som regel anten

1. Du har ikkje oppdatert gruppelista ("active"-fila) i newslesaren din.
Les dokumentasjonen for newslesaren din for å finne ut korleis det
gjerast.
2. ISP-en din oppretter ikkje grupper i no-hierarkiet automatisk. Send
i tilfelle eit brev til newsmaster for din newstenar og be dei ordne
oppsettet sitt. <URL:http://www.usenet.no/no-admin.html> inneheld
opplysningane dei treng. Har dei spørsmål, kan dei sendast til
no.news.drift eller <a...@usenet.no>.

--
For Arbeidsutvalet,
Kjetil Torgrim Homme
a...@usenet.no

0 new messages