Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Reglene til kortspillet "Hund"

1,610 views
Skip to first unread message

Marius Hoem Iversen

unread,
Mar 1, 2001, 9:24:35 AM3/1/01
to
Spilte dette mye da jeg bodde i finnmark. vannvittig bra, men har glemt
reglene!
husker bare at spillet besto av to runder, den ene runden skulle man ta
stikk eller noe.

kan noen hjelpe meg?

-----

Marius Hoem Iversen
-Adventuring on the wheels of steel since 1942-

Kjetil Torgrim Homme

unread,
Mar 2, 2001, 9:21:45 PM3/2/01
to
[Marius Hoem Iversen]

> Spilte dette mye da jeg bodde i finnmark. vannvittig bra, men har glemt
> reglene!
> husker bare at spillet besto av to runder, den ene runden skulle man ta
> stikk eller noe.
>
> kan noen hjelpe meg?

Vi kallar det "Bikkje", på Austlandet er "Mattis" eit vanlegare namn.

Fyrste runde:

Del ut tre kort til kvar spelar. Alle spelarane legg ut eit kort og
trekkjer eit nytt (det er lov å sjanse, dvs. å leggje ut rett frå
bunken). Han som la det høgste kortet vinn stikket og spelar ut
fyrste kortet i neste stikk. Dersom to (eller fleire) legg kort med
same verdi, kjempar ein om stikket. Vi brukte som regel å spele med
underkjemping, dvs. at om det er lagt 10 J A 10 vil dei som la ut
tierane kjempe om stikket. I tilfellet 10 J 10 J vil J slåst, i
tilfellet 10 J 10 J 10 vil det vere tiarane.

Det siste kortet i bunken er hemmeleg. Når alle kort unnateke det
er spelt, vert det vist fram. Fargen på kortet er trumf i andre
runde.

Viss ein ikkje får nokon kort i fyrste runde, har ein tapt. Det
ideelle er å kun få trumfkortet, men det er i praksis umogleg å
spele seg fram til.

Andre runde:

Vedkomande som fekk siste kortet (trumfen) startar å spele ut. No
må ein fylgje farge, og leggje over kortet til forrige mann.
Evt. kan ein trumfe. Når det er lagt på fire kort (viss det er fire
spelarar), går korta ut. Fyrstemann som vert kvitt alle korta sine
har vunne, men eigentleg er det viktigaste å ikkje vere sistemann
som har igjen kort (då er du bikkja). Kan ein ikkje leggje, kan ein
trekkje inn i staden. (Ein kan velje å trekkje inn sjølv om ein har
kort ein kan leggje ut.) Vi spelar som regel med at ein må trekkje
inn det _nedste_ kortet i bunken, dette gjer spelet mykje meir
interessant. Ein del spelar med at ein kan leggje seriar (4 5 6 7),
men det gjer spelet meir flaksbasert, synest eg. Ein serie vert
rekna som eitt kort mht. kva tid korta går ut.

Bikkje kan spelast med berre to spelarar, i så fall må ein ta bort ein
tilfeldig tredjedel (omtrent) av kortstokken før ein startar å spele.
Eg synest det er artigast å spele med 5-7 spelarar, då er det som
regel mogleg å unngå å tape nesten uansett kva kort du fekk i fyrste
omgang viss du er litt lurare enn motstandarane dine. Dessverre
spelar eg nesten alltid mot skikkelege bikkje-ekspertar, så eg taper
som regel ;-)


Kjetil T.

Marius Hoem Iversen

unread,
Mar 3, 2001, 2:06:16 PM3/3/01
to

10001-takk! =)


-MHI

0 new messages