Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Benkestokk - Aspa

44 views
Skip to first unread message

Olav Helge Angell

unread,
Aug 8, 1999, 3:00:00 AM8/8/99
to
Dette er nokre tankar om mogleg samband mellom Benkestokk-slekta og
Aspa-ætta i forkant av Benkestokkseminaret på Meløy neste helg. Eg
skriv dei her av di eg - diverre -ikkje har høve til å vera til
stades.
Men fyrst om Aspa: Etter utlysing i fjor haust tinga eg den nye
publikasjonen om Aspa-ætta som Adelsprosjektet lova ferdig sist
vinter. No er det gått både vinter og vår - og sommar -og eg har
verken sett eller høyrt noko meir om publikasjonen. Når vil den liggja
føre?

Så til Benkestokk - Aspa.
Eit av spørsmåla rundt Benkestokk-slekta i dette hundreåret har vore
kven mor til Trond Benkestokk, dvs kona til Torleif Benkestokk, var.
Wilhelmine Brandt hadde to framlegg, men dei ser ut til å vera lagt
til sides, no sist av Tore Vigerust her for ei tid sidan i samband med
spørsmål han svarte på om Benkestokk-seminaret. E.A. Thomle (Pershist.
tidsskr. årgang 53, 1932) og Henning Sollied (NSTbd.III, 1932) legg
begge fram ei hypotese om at ho må ha vore ei Adelus Eriksdotter. Tore
Vigerust (i ovannemnde kommentar) tyder eg dit at Adelus var gift med
ein Benkestokk, men at det ikkje er klart kven. Samanfattar vi Sollied
(som bygde på Thomle) sine kjeldeopplysingar og hypotesar, ser dei
slik ut:
1. Eigedomstilhøve i Fet i Hafslo viser til m.a. følgjande eigarar på
ulike tidspunkt: Kirstine Toraldesdtr (dvs ein av hennar menn),
riddaren hr. Erik Andersson og kona, fru Margrete Ivarsdotter, Adelus
Eriksdotter (gift med ein Benkestokk) og Trond Benkestokk, som her i
tid (truleg) representerer 4 etterfølgjande generasjonar.
2. Sollied tenkjer seg at den/dei eigedomen/-ane det gjeld, har gått i
arv frå ein generasjon til neste.
3. Sollied tenkjer seg vidare (han har ikkje drøfta det) at arvegangen
frå ein generasjon til neste har vore den enklaste, dvs frå ein person
til livsarvingane.
Såleis vert Sollied sin konklusjon (i form av nye hypotesar) så langt
at
a. Adelus Eriksdotter er dotter til hr Erik Andersson og fru Margrete
Ivarsdotter, og
b. hr Erik eller fru Margrete er barn til Kirstine Toraldesdotter.
c. Adelus Eriksdotter (Adelus var eit sjeldant namn på den tida) hadde
truleg namnet sitt etter si oldemor, dvs mor til fru Kirstine, Adelus
Erlingsdotter.

Sollied sitt problem er punkt b av di kjeldene tyder på at fru
Kirstine ikkje hadde livsarvingar, men Sollied har ingen alternative
hypotesar å koma med om slektskap mellom personane eller om arvegangen
(hypotesa i punkt 3).
Eg veit ikkje kva kunnskapstilfang som fanst om Aspa-ætta på den tida
Thomle og Sollied skreiv sine artiklar. Det som vert gjort greie for
eksplisitt, er at forfattarane berre kjente namnet til to av dei fire
ektemennene til fru Kirstine. Men i og med rapporten frå
Aspa-seminaret låg føre frå Adelsprosjektet si side, finst det
grunnlag for alternative hypotesar for å knyte Adelus Eriksdotter til
Aspa-ætta, alternativ som eg ikkje har sett har vore framme i
ordskiftet. Alternativet eg kjem med her, er ikkje basert på
ytterligare kjeldemateriale. Det problematiserer hypotesa i punkt 3 og
inneber at arvegangen har gått via ein av brørne til fru Kristine til
neste generasjon og ikkje direkte frå henne. Slik får konklusjon b
nytt innhald og Sollied sitt problem vert i staden premiss for den nye
konklusjonen.

I rapporten frå Aspa-seminaret er alle ektemennene til fru Kirstine
nemnde med namn. Namna viser at verken hr. Erik Andersson eller kona
kan ha vore barn til fru Kirstine. Det er i samsvar med at ho ikkje
hadde livsarvingar. Men då kan syskena hennar og deira etterkomarar ha
vore arvingar til den/dei aktuelle eigedomen/-ane i Hafslo. Fru
Kirstine hadde ein bror Ivar "Smørhatt" og fru Margrete Ivarsdotter
kan ha vore dottera hans (nytt punkt b). Det synest å passe med
kronologien. Ingen andre premiss eller konklusjonar hos Sollied er
endra. Konklusjon a og c vert altså som før.
Om eg hadde vore med på Meløy-seminaret, hadde eg hatt dette
alternativet i bakhovudet i håp om å få hypotesa avkrefta eller støtta
av det nye datatilfanget som vert presentert der, sidan den lova
publikasjonen om Aspa-ætta enno ikkje ligg føre.

Olav Helge Angell

Tore Hermundsson Vigerust

unread,
Aug 9, 1999, 3:00:00 AM8/9/99
to
Olav Helge Angell <olav....@c2i.net> wrote in message
news:37ade99...@news1.c2i.net...

Jeg vil takke Olav Helge Angell for et grundig innlegg !

> verken sett eller høyrt noko meir om publikasjonen. Når vil den liggja
> føre?

Når det er økonomisk grunnlag for utgivelsen, dvs at salget inntil 4 uker
etter trykkingen dekker trykkekostnadene. Det betyr minst 100 forhånds-
bestillinger. Jeg er ikke langt unna det tallet nå.

Jeg vil kommentere Benkestokkproblemene senere. Dessverre kom Olavs
innlegg et par dager for sent, for om en time leverer jeg rapporten til
Benkestokkseminaret til trykkeriet.

Beste hilsen Tore H Vigerust


Tore Hermundsson Vigerust

unread,
Aug 10, 1999, 3:00:00 AM8/10/99
to
Hustru Adelus Eriksdotter (nevnt 1505)

Olav Helge Angell har misforstått meg litt når det gjelder henens forhold
til
Benkestokk, jeg har alltid ment at hun var gift med Torleiv B og var mor
til Trond B (d 1558). Men på et spørsmål her i vår om de genealogiske
forhold til Kruckow og Rostvig, der navnet Adelus jo som kjent kommer
inn alle steder, uttalte jeg, dessverre, men for stor sikkerhet at de dreide
seg om en og samme kvinne i alle tre slektene. Da jeg redigerte ferdig
Benkestokk-rapporten sist helg, klarte jeg ikke å få brikkene til å falle
riktig på plass her. Sollied (NST III, 1932, s. 290 f) kan tolkes dithen
at det dreiser seg om kun en kvinne rundt år 1500 eller deromkring ved
navn hustru Adelus.

Denne teorien til Sollied, som jeg støttet i vår, men forkastet i helgen,
kan selvsagt være riktig.
Da blir forholdet av hustru Adelus både var mot til Trond Benkestokk
Torleivsson, Johan Kruckow (d. 1539) til Sørheim og Finn Hansson
(Rostvig) til Sørheim.

Var hun da gift to eller tre ganger ?
Jeg bare spør:
Kan hustru Adelus Eriksdotter, bosatt i Sogn 1505, være mor til alle
disse tre fra TO ekteskap, dvs kan Trond Benkestokk og Johan
Kruckow være fullbrødre ?

Det forklarer hvordan Fet gikk fra herr Erik Andersson til Johan
Kruckows datter. Herr Erik besatt også eiendom som tidligere var eid av
fru Kristine Toraldsdotter. Men det må forskes mere i hvem hennes
rette arvinger kunne ha vært.
Ivar Smørhatt kan ha bodd på Fet og etterlatt seg etterkommere.
(Våpenskjoldene på Fet, avmalt på 1600-tallet, indikerer dette.)

Det e rihvertfall klart at det er en sammenheng mellom ætten på Fet
i Hafslo (Luster), Kruckow, Rostvig og Benkestokk. Nå har jeg
i Benkestokkrapporten oppklart en del nye forhold knyttet til de
Benkestokker. Før alt er oppklart må både Rostvig, Kruckow og
Teiste oppgås på nytt.

Hilsen Tore H Vigerust

Olav Helge Angell

unread,
Aug 10, 1999, 3:00:00 AM8/10/99
to

Takk til Tore Vigerust for kommentar. Eg venta at den ville koma.
Etter at eg hadde sendt innlegget mitt, vart eg merksom at eg hadde
"kopla feil" i hovudet mitt; før eg skreiv innlegget, sjekka eg nemleg
ikkje kva Vigerust faktisk hadde skrive. Eg tok det ut frå slik eg
hugsa det. Etterpå oppdaga eg at eg at den uvissa eg refererte til,
gjaldt kven Bergjut Torleivsdotter var gift med, ikkje Adelus.
Eg ser elles fram til å få heftet frå seminaret til helga i handa!

Olav Helge Angell


Jo Rune Ugulen

unread,
Aug 10, 1999, 3:00:00 AM8/10/99
to
>Kan hustru Adelus Eriksdotter, bosatt i Sogn 1505, være mor til alle
>disse tre fra TO ekteskap, dvs kan Trond Benkestokk og Johan
>Kruckow være fullbrødre ?
>
>Det forklarer hvordan Fet gikk fra herr Erik Andersson til Johan
>Kruckows datter. Herr Erik besatt også eiendom som tidligere var eid av

Det har kommet meg for dagen noen nye opplysninger om akkurat denne
situasjonen nå i det siste. Iflg. Tingbok nr. 1 for Indre Sogn var
Fet-godset opprinnelig eid av Samson Ingebrigtsson på Finnen i Vik - det er
også sagt at det var 'hans arvepart' i Fet. I 1611 ble den opprinnelig solgt
til herr Carsten Jonsson Randal i Førde, men ettersom det dro ut med
betalingen fra herr Carsten, omgjorde Samson likegodt hele salget og solgte
det i steden til Simon Nilssøn, fut i Sogn - han var gift med enken etter
Jon Andersson Teiste (Øllegård Pedersdatter).

Fet-godset som er nevnt (i lensregnskapene) hos fru Øllegård på Kroken fra
1612 og utover, har da tydelig kommet fra Samson Ingebrigtsson på Finnen.
Samson er (sist?)behandlet av Sollied i hans artikkel om Gamle ætter i Sogn
i NST I.

Hele denne saken er forøvrig nokså minutiøst forklart i Tingbok A1 for Indre
Sogn 1648-1652, fol. 82b-84b.

vennlig hilsen
--
Jo Rune Ugulen, P.O.Box 205, N-5201 Os, Norway
Voice: + 47 56 30 26 19
E-mail: jo.u...@student.uib.no
WWW: http://www.student.uib.no/~st01236
Distriktsrepresentant i Hordaland for
Norsk Slektshistorisk Forening

0 new messages