Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Kvadrat-teiknet (□)

7 views
Skip to first unread message

Karl Ove Hufthammer

unread,
Jul 14, 2009, 1:02:03 PM7/14/09
to
[Kryssposta til no.fag.diverse og no.fag.typografi, men sistnemnte som
oppfølgingsgruppa.]

I Ivar Aasens Norsk Ordbog frå 1873 kom eg over eit teikn eg ikkje har sett
brukt før, eit kvadrat-teikn, som ser ut som ein open firkant. I teksten var
det brukt slik (frå oppføringa «Ruta»):

5) en Qvadrat Stang, et Jordstykke paa 6 Alen i Længde og Bredde,
altsaa 36 □ Alen.

Denne boka brukar gotisk skrift, og kvadraten tok opp heile linja i høgda,
og var altso omtrent like høg som A-en. Eg såg òg på ei ny utgåva av boka,
som vart gjeven ut på Samlaget i 2003. Denne brukte latinsk skrift, og der
var teiknet krympa ein del (kanskje slik: ▫).

Nokon som kan fortella meir om dette teiknet, og bruken, både før og
eventuelt no? (Tydinga og grunnlaget bak formen er jo ganske klar.)

Og kva ISO 10646-teikn skal me bruka viss me ønskjer å skriva teiknet? Her
er det mange alternativ å velja mellom:

U+25A1 – WHITE SQUARE: □
U+25A2 – WHITE SQUARE WITH ROUNDED CORNERS: ▢
U+25FB – WHITE MEDIUM SQUARE: ◻
U+25AB – WHITE SMALL SQUARE: ▫

(Om ein ikkje har ei skrift med glyffar for desse teikna, vert dei trulig
viste som teiknet for manglande glyff, som passande nok ofte er ein tom
firkant.)

--
Karl Ove Hufthammer

Karl Ove Hufthammer

unread,
Jul 15, 2009, 7:13:10 AM7/15/09
to
Karl Ove Hufthammer:

> [Kryssposta til no.fag.diverse og no.fag.typografi, men sistnemnte som
> oppfølgingsgruppa.]

Det skulle sjølvsagt vore no.fag.spraak.diverse, men no er det for
seint … :(

--
Karl Ove Hufthammer

0 new messages