> Støtt oppropet på klimanekt.no og gjer din viktigaste personlege innsats
> for miljøet nokon gong.
>
> * Har du dårleg samvit for at du ikkje gjer nok for klimaet?
> * Vil du gjerne gjera noko, men er redd for at ditt vesle bidrag er
> bortkasta?
> * Er du lei av å bli gjort til syndebukk for å leva eit vanleg liv?
> * Kvifor skal hushaldningane stramma inn når olje- og gassindustrien
> veks?
>
> Politikarane har fått i oppdrag å gå i spissen for ein felles innsats,
> men i staden dyttar dei ansvaret tilbake på oss. Vi nektar å ta tilbake
> ansvaret dei har fått!
>
> ========================================================================
>
> Til våre folkevalde ved statsminister Jens Stoltenberg
>
> I siste valkamp forsikra de oss nok ein gong om at de tek klimakrisa på
> alvor. No må de ta det ansvaret vi har gjeve dykk som folkevalde og
> slutta å dytta ansvaret tilbake på oss. Vi gjer det med dette klinkande
> klårt at
>
> * vi nektar å reisa mindre med fly og bil så lenge olja blir pumpa opp
> og svidd av uansett
> * vi nektar å spara på straumen så lenge nye gasskraftverk gjev oss meir
> elektrisk kraft enn nokon gong
> * vi nektar å shoppa mindre så lenge nye kjøpesenter sprett opp som
> paddehattar og reklame fyller postkassene og TV-skjermane våre
> * vi nektar å delta i ein uforpliktande klimadugnad der det er billegare
> og enklare å stå utanfor
> * og vi nektar å ha dårleg samvit for noko av dette
>
> Vi nektar fordi vi ikkje godtek at personleg ansvar skal vera ei
> sovepute for dykk som sit med makta. Vi skal gjera vår del av jobben,
> men på to enkle vilkår:
>
> * Vi skal ha ein garanti for at vår innsats ikkje blir eten opp av
> andre. Det vil seia at det fyrste som må skje er at klimautlseppa snur
> og går ned der hushaldningane ikkje har noko ansvar. Ikkje minst gjeld
> det olje- og gassnæringa. Her held det ikkje med fagre ord og løfte,
> vi trur det ikkje før vi ser det.
> * Dernest skal vår innsats skje i fellesskap, det skal vera forpliktande
> for alle. Vi blir ikkje med dersom rikfolk og priviligerte får halda
> fram som før medan vi spinkar og sparar.
>
> Klimahelsing alle oss
>
> ========================================================================
Erik Haugan fremstår som idiot ved å presentere dette på nynorsk.
Dersom det er meningen å appelere til de brede lag av folket med dette
budskapet er det rett og slett hull i hodet å invitere til språkstrid
i samme slengen.
Sigvald
Det er enkelte som fortsatt mener det er politisk korrekt å benytte
fjøslatin skjønner du.