From: Olav Randen <boksmia_at_xx.xx>
Date: Mon, 27 Jun 2005 10:18:38 +0200
Denne artikkelen står som kronikk i Klassekampen i dag. Eg er beden om å
sende han til KK-forum også, og det gjer eg sjølvsagt gjerne. OR.
- Eg er glad eg ikkje er kandidat til å bli landbruksminister i ei raudgrøn
regjering, skriv Ottar Brox i Klassekampen 14. juni. Han ser ikkje kva
ministeren skal gjere. For Brox handlar landbruk om distriktsbusetnad, og
distriktsbusetnad handlar om økonomi. Det er billigare for landet å halde
oppe distrikta, der infrastrukturen alt finst, enn å flytte folk til byane.
Fordi busetnad er hovudsaka, tek Brox til orde for å erstatte
landbruksdepartementet med eit bygdedepartement og å la
landbruksoverføringane gå til all næringsverksemd i Bygde-Norge.
Eg ser det annleis. Landbruk handlar om mat, om å sikre landet og verda sunn
og god mat i tilstrekkelege mengder. Norsk landbrukspolitikk handlar difor
om å sikre vårt land mat og om å gi vårt bidrag til verdas matforsyning.
Landbrukspolitikk handlar altså ikkje primært om distriktsbusetnad eller
arbeidsplassar eller kulturlandskap eller bønders ønske om å halde fram i
yrket. Om eitt gardsbruk og éin bonde kunne produsere all maten som trengst
i landet, om me med det hadde oppfylt våre internasjonale plikter og om
produksjonen hadde funne stad på berekraftig vis, hadde det vore fornuftig å
leggje ned alle dei andre gardsbruka. Så kunne me som i dag driv med jord og
dyr, ha omskolert oss til omsorgs- eller bygningsarbeidarar.
Men slik er det ikkje. Det er i staden slik at nesten ein milliard menneske
lever under sveltegrensa. Det er slik at det viktigaste jordbruksarealet,
kornjorda, utgjorde 2,3 dekar pr innbyggjar på kloden i 1950, 1,1 dekar i
2000 og vil på grunn av folketalsvekst og nedbygging av matjord truleg
utgjere 0,7 dekar i 2050.
Det er grunn til å frykte at nedgangen blir større. Dei fossile vassbassenga
under kornjorda i Nord-Kina og USA blir tappa og kan endre åkerjord til
ørken. Monokulturane i landbruket er sårbare for sjukdommar på planter og
dyr. Og den globale oppvarminga vil redusere landbruksproduksjonen mange
stader.
Hundre eller to hundre år attende kunne folk ta i bruk ledig jord til
jordbruk og såleis fø fleire. I dag finst så å seie ikkje ledig jord. Det
tynne, spreidde matjordlaget som finst her og der på kloden, er i bruk alt
saman. Og kloden vår er eit lukka system. Det er ingen stad å flytte om det
blir for ille.
Men kan me ikkje få kyrne til å mjølke meir og jorda til å gi meir avling?
Biologiske produksjonar når eit tak. Avlingane aukar med kunstgjødsel, men
om ein aukar gjødselmengda frå 50 til 100 kilo pr. dekar, får ein ikkje
nemnande avlingsauke. Avlsarbeid har ført til meir produktive husdyr dei
siste hundre åra, men veksten stoppar. I mange høve har sjukdommar og
skrøpelege dyr vorte resultatet. Til no har bioteknologien hatt meir å seie
for profitten til transnasjonale selskap enn for mattilgangen. Ikkje i noko
fall kan me påvirke den prosessen som styrer plantelivet, fotosyntesen.
Dei siste FAO-tala viser 852 millionar kronisk underernærte menneske. Talet
aukar, også i vår verdsdel. Det er sannsynleg at kampen om mat og vatn vil
føre til internasjonale konfliktar og krigar i åra som kjem. Det er denne
situasjonen så vel dei multinasjonale selskapa som politiske strategar i USA
og EU no posisjonerer seg for gjennom WTO. Dei veit at viss dei kan styre
mattilgangen, kan dei styre verda.
Difor er også land med alternativ tenking opptekne av å sikre eiga
matforsyning. Matsuverenitet, retten til sjølv å avgjere korleis dei skal
drive matproduksjon for eigne innbyggjarar, har dei siste åra vorte ei
rettesnor for fleire og fleire.
Norge importerer halvdelen av maten me et. Målet med landbrukspolitikken har
vore å få til eit effektivt landbruk med større einingar og innkjøpte
produksjonsressursar, kraftfôr, drivstoff, kunstgjødsel og medisinar. Det
har gitt oss færre bønder og mindre overføringar, men også ei mindre robust
matforsyning. Me er avhengige av transport, diesel og CO2-utslepp. Med tette
og store besetningar og få og store planteareal har sjukdommar lettare
spelerom, og antibiotikabruken aukar risikoen for immune, sjukdomsspreiande
bakteriar.
Det mest nærliggjande er likevel svikt i korntilførsla. Eit tørkeår til
dømes i kornområda i USA kan doble kornprisane. Då vil vår kornbaserte
produksjon av kylling- og svinekjøt og langt på veg av mjølk dette saman.
Men vårt landbruk er tungdrive, og me får ikkje utnytta dei teknologiske
framstega, synest Brox meine. Det er eit snevert, vestleg perspektiv. Verda
treng både den sentrale og den marginale, den lettdrivne og den tungdrivne
jorda i drift, både den feite matjorda i Mellom-Europa, dei norske
utmarksbeita og det skrinne potetlandet på høgslettene i Peru.
Vårt norske bidrag til verdas landbruk handlar ikkje minst om å bruke
utmarksbeita. Dei ligg der, fornyar seg utan kunstgjødsel og plantegifter og
gir rein mat. Men beita kan berre brukast med mindre og spreidde buskapar.
Om ti mjølkeprodusentar går saman i ei samdrift og eit fellesfjøs med 150
eller 200 kyr, blir det uråd å sende buskapen på utmarksbeite. For
avstandane til beiteareala blir for store, og i dei veldige flokkane vil dei
fremste dyra ete eller trø ned graset og dei attarste ikkje få noko.
Me kan også bidra i internasjonale fôra der landbrukspolitikk blir avgjort.
Me kan setje matforsyning og kamp mot svolten på dagsorden. Retten til mat
er ein menneskerett. Me kan ta opp kampen for det nødvendige mangfaldet i
produksjonar og levemåta. Og me kan arbeide for matsuverenitet for alle
land.
Til skilnad frå Ottar Brox blir eg gjerne landbruksminister. For eg kan
tilføre noko av den miljøtenkinga og heilskapsforståinga som manglar, ikkje
berre hos Brox, men hos dei fleste i det raudgrøne regjeringsalternativet.
Men eg får nok ikkje tilbodet. Det blir i staden gitt til ein eller ei som
går vidare i fotefara etter Gunhild Øyangen, Bjarne Håkon Hansen og Lars
Sponheim.
Det vart ei markert endring med Gunhild Øyangen.
Bjarne Håkon Hansen og Lars Sponheim har berre dilta etter.
Torleif Solheim.
"HKH" <dul...@dei.net> skrev i melding
news:kBhwe.2514$qE.6...@juliett.dax.net...
Fra siteringa di kan det se ut som om du gir meg ¨ren for denne kronikken;
men forfatteren var altså Olav Randen.
HKH
> .
>
>
> From: Olav Randen <boksmia_at_xx.xx>
> Date: Mon, 27 Jun 2005 10:18:38 +0200
>
> Denne artikkelen står som kronikk i Klassekampen i dag. Eg er beden om å
> sende han til KK-forum også, og det gjer eg sjølvsagt gjerne. OR.
>
>
>
>
> - Eg er glad eg ikkje er kandidat til å bli landbruksminister i ei
> raudgrøn regjering, skriv Ottar Brox i Klassekampen 14. juni. Han ser
> ikkje kva ministeren skal gjere. For Brox handlar landbruk om
> distriktsbusetnad, og distriktsbusetnad handlar om økonomi. Det er
> billigare for landet å halde oppe distrikta, der infrastrukturen alt
> finst, enn å flytte folk til byane. Fordi busetnad er hovudsaka, tek Brox
> til orde for å erstatte landbruksdepartementet med eit bygdedepartement og
> å la landbruksoverføringane gå til all næringsverksemd i Bygde-Norge.
Hvor mye ville i så fall kunne gå til å utvikle f.eks. turisme i Norge ?
reinert
>
>
>
>
...snip...