Den vart omtalt som Sunndalsfjorden på TV i dag, forresten :-)
I ein artikkel eg las på Dagbladet sine websider for 5-10 år sidan
sto det at når sprekka først hadde oppstått ville det ta maksimum
60 år før skredet vart utløyst. Og på det tidspunkt hadde den vore
der i fleire tiår.
Eg antar ekspertisen kan presentere ein sannsynlegheitsfunksjon
for tidspunktet. Men den er lite presisert for publikum.
Utløysing av skredet innan 10-20 år sett i forhold til 300 år,
som vart nemnt på TV i dag, utgjer ein enorm forskjel for dei
som bur i Hellesylt eller Geiranger.
Nokon som har tak på det sannsynlege tidspunktet?
Bjørn Sørheim