Google Groups no longer supports new Usenet posts or subscriptions. Historical content remains viewable.
Dismiss

Måndagsprodukt

0 views
Skip to first unread message

Morten Øen

unread,
Mar 18, 2005, 3:51:41 PM3/18/05
to
Somme tider får ein tak i hardware som gjekk gjennom produksjons-
samlebandet på måndagar.

På kontoret har eg ein laptop som maskin. Men eg har ikkje docking-
stasjon, så det blir litt fullt bak på maskina med eksternt tasttur,
ekstern mus, bluetooth-adapter, scanner og minnebrikkelesar. Einaste
som ikkje går på USB av dei er tastaturet, men det er berre to
USB-kontakter til fordeling på dei andre. Nappe ut og setje i, nappe
ut og setje i. Og ikkje alt er kjekt å vere utan. Mus bør nesten stå
påkopla fast når ein nyttar Windows.

Eg kjøpte nyleg ein liten USB-hub på Datakjeden. Ein søt liten firar.
Og med eigen straumforsyning. Ein vil då ikkje risikere at spenningen
blir for låg til einingane som er påkopla?

Kjekt.

Eg kjem på kontoret og koplar opp. Startar maskina og vil synk'e
telefon-avtaleboka med pc-kalenderen. Ein kan seie mykje rart om Lotus
Notes, og eg gjer det ofte og gjerne medan eg plundrar med å få ting
til. Men telefon-avtaleboka mi klarar faktisk å kommunisere med Lotus
Notes over bluetooth.

Eg pluggar dermed blåtannadapteret på USB-huben, saman med alle dei
andre USB-tinga eg har på kontoret. Deriblant mus.

Muspeikaren stoppar litt opp, men pytt, kva gjer vel det? Og blåtanna
på USB-huben finn blåtanna på telefonen og...

Der braut den sambandet?!

Eg koplar opp att blåtanna. Det startar opp att, og det same hender på
nytt. Og mus-peikaren stoppar opp stadig. Og scanneren intialiserar på
nytt og på nytt. Og mus-peikaren stoppar stadig.

Ein prat med telefonsupporten til Datakjeden avklarar kjapt at det
berre er å ta med boksen attende til butikken.

Eg leverar inn, og dei skal ta med til test, og vil ringje meg om det
er noko. Eg har klart meg utan i lang tid før, så det er ingen problem
for meg.

Etter eit par dagar får eg ein telefon som seier at skiten var kaputt,
så det er berre å hente ein helt ny. Og det går faktisk kjapt, for eg
får hente det i hurtig-kassa. (Alle som har stått 1 1/2 time i kø på
Datakjeden i Møllergata veit kva eg tenkjer på.) Og får med ei
kvittering på at duppeditten er bytta, avdi den gamle var gåen. Får
heilt ny boks, men nye ledingar og nytt straumadapter.

Eg ruslar nøgd på kontoret att for å kople den opp.

Nokon som alt har gjetta teikninga no?

Same feilen!

Eg finn ut at eg vil gjere litt feilsøk sjølv no.

Det mest interessante er at om eg berre nappar ut ledingen frå
straumadapteret til USB-huben, fungerar den nesten stabilt! Rett nok
ikkje så stabilt at den ikkje gir små stopp på mus-peikaren ein
sjeldan gong medan pc-en gjer nokre krafttak på andre områder, og
slett ikkje stabilt nok til at blåtann-kommunikasjon klarar å køyre.

Litt vidare fann eg ut at når straumen var påkopla vart avbrota
hyppigare og hyppigare over tid. Om eg lot den så stå litt utan
straumadapter, og så kopla det på att, så starta det relativt roleg
litt tid mellom avbrota. Og etter kvart aukar avbrota i mengde.
Lysdiodene blinka etter kvart som eit amerikanske juletre, og
summingen i bordscannaren gjekk heftig.

Men på Datakjeden tok dei imot huben att og tok ein lynkjapp test på
bakrommet. Daudt som makrellen i tomatsaus. Den var ikkje stabil nok
til å så mykje som _registrere_ at det vart forsøkt å kople opp ein
USB-penn! Verre enn eg sjølv opplevde boksen på kontoret.

Så no er eg i gang med tredje huben. Men denne gongen testar eg den
heime. Så langt taklar den stabilt eit lite billeg web-cam frå
Logitech, ein flatbed bordscanner frå Canon og ein USB-penn frå
Kingston.

Så om det er noko gale med denne òg, så er det noko med
straumforsyningen på kontoret, eller med USB-kontaktene på laptopen,
som drep USB-hubar.

For det er vel ikkje råd i haltenbanken å få _tre_ måndagsprodukt på rad
av same tingen?


Men det blir testa om ei veke. No er det påske!
God påske!

--
Morten
Newsarar mot X-No-Archive

Ein vanleg feil mange gjer er å lese n.a.f før dei les andre gruppe

Morten Øen

unread,
Mar 19, 2005, 4:53:57 AM3/19/05
to
"Morten Øen" <mor...@kreativdame.com> skreiv 18.03 21:51 i
no.alt.geek.pludring...

> Så no er eg i gang med tredje huben. Men denne gongen testar eg den
> heime. Så langt taklar den stabilt eit lite billeg web-cam frå
> Logitech, ein flatbed bordscanner frå Canon og ein USB-penn frå
> Kingston.

Eit pussig fenomen er at maskina stoppar opp etter minnesjekken i
oppstarten når denne USB-huben står i. Den heldt fram vidare så fort eg
nappar den ut.

Men elles ser den ut til å fungere.

--
Morten
Newsarar mot X-No-Archive

Ein vanleg feil mange gjer er å lese n.a.f før dei les andre grupper.

0 new messages