Meld dykk på!
Valdresmusea og Randsfjordmuseet inviterer til Skeiv bygdehistorie torsdag 13. oktober på Valdres Folkemuseum.
Det er fortsatt ledige plassar, og vi oppmodar om de melder på aktuelle kollegaer.
Sjå invitasjon under!
Beste helsing
Ole Aastad Bråten
Direktør
Mobil 907 63 635
![]()
Bagn Bygdesamling / Bautahaugen Samlinger
Valdres Folkemuseum / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

Fra: Ole Aastad Bråten
Sendt: 21. september 2022 15:08
Emne: Velkomen til seminaret Skeiv bygdehistorie

Foto: Kåre Strande, Avisa Valdres
SEMINAR OM SKEIV BYGDEHISTORIE – VELKOMEN TIL VALDRES FOLKEMUSEUM!
Fagernes i Valdres
Torsdag 13. oktober
Arrangør: Valdresmusea og Randsfjordsmuseet
Meir informasjon og påmelding: https://valdresmusea.no/skeiv-bygdehistorie-2022
28. august mottok Karoline og Tina Granum eit hatbrev som skremde – og som sette sinna i kok. Ei veke seinare mobiliserte valdrisane i sitt fyrste Pride-arrangement, og viste for seg sjølv og verda at ein også i fjellbygda oppunder Jotunheimen skal få elske den ein vil. For kva skjer når menneske får hatbrev som reduserer menneskeverdet, som skil eit menneske frå eit anna, mellom dei som får høyre til og dei som må stå utanfor? Sume tek kanskje til motmæle, men mange trekker seg unna, blir redde, melder seg ut og legg begrensingar på seg sjølv. Hatske haldningar er farlege – og dei kan bli eit demokratisk problem.
Hatbrevet og Pride-markeringa på Fagernes 3. september dannar eit alvorleg bakteppe for seminaret Skeiv bygdehistorie – som blir arrangert på Valdres Folkemuseum torsdag 13. oktober. Tema er dei skeive livshistoriene; til sjøs, til fjells, på teaterscenen, og blant dei som stelte krøttera på stølane og heime på garden. I arkiv og kjelder finn vi spor etter menneske – og skeive liv – i alle yrke, i alle bransjar og til alle tider. Kan forteljingane i arkiva hjelpe oss til å forstå fortidsmenneska på nye måtar? Kan dei skeive fortidsliva funke som førebilete også for oss som lever i dag?
Den anerkjente norsk-sudanske kunstnaren Ahmed Umar kjem òg til seminaret for å fortelje om arbeidet med den norsk-sudanske bunaden sin. Denne er for tida stilt ut som del av utstillinga «Fargerike fellesskap – kvitt raseri» på Valdres Folkemuseum.
Vi har sett saman eit program vi trur kan engasjere og berike. No håper vi på brei deltaking frå lokalbefolkning og tilreisande. Det er også mogleg å delta digitalt, men om du kjem på museet får du også oppleve teaterforestilling, god mat og gode samtaler. Påmelding så snart som mogleg her:
FYSISK DELTAKING: https://booking.duell.no/valdresmusea/standard/event/skeiv-bygdehistorie-oktoberseminaret-2022
DIGITAL DELTAKING: https://booking.duell.no/valdresmusea/standard/event/skeiv-bygdehistorie-oktoberseminaret-2022-2885
OVERNATTING: Scandic Valdres eller Fagernes Camping
SPØRSMÅL? in...@valdres.museum.no eller 911 03 969
Velkomen til Valdres Folkemuseum!
Beste helsing
Ole Aastad Bråten
Direktør
Mobil 907 63 635
![]()
Bagn Bygdesamling / Bautahaugen Samlinger
Valdres Folkemuseum / Norsk institutt for bunad og folkedrakt
