[Kulturlista]Club Sjøborg med Randi Tytingvåg trio

0 views
Skip to first unread message

Sjøborg

unread,
Mar 11, 2013, 6:19:57 AM3/11/13
to Sjøborg

cid:image001.jpg@01CD8F40.C5D37160Beskrivelse: http://2.bp.blogspot.com/_PxN_j_18l8U/TBpdNWHkEzI/AAAAAAAAAFY/5WKi0LHHNWI/s1600/hellbillies620.jpgcid:image008.png@01CE12DD.BE3379C0

 

Club Sjøborg med Randi Tytingvåg trio

Fredag 12. april kl 22.00

 

Randi Tytingvåg trio på Sjøborg fredag 12. april kl 22.00

Randi Tytingvåg er ein særeigen songar og låtskrivar med røter i jazzsjangeren. Ho er ein sterk formidlar med ekte tilstedeverelse. Låtane og tekstane hennar ber i seg eit ønske om å fortelje historier.

 

Ho likar å blande element frå fleire sjangrar når ho skriv og hentar blant anna inspirasjon frå jazz, singer/songwriter-tradisjon, rock, folkemusikk, kabaret og kammermusikk. Tytingvåg har gitt ut fire soloalbum og har etablert seg som ein songar og låtskrivar i toppsjuktet av norsk jazz/crossover. Dei siste åra har ho også fått godt fotfeste i det tyske jazzmarkedet. Ho har også vore engasjert ved Rogaland teater med hovudrolla i «Skyfri himmel» av Bjørn Eidsvåg og Olaug Nilssen og i «Mor: Eg konne vel tenkt meg å gå heile den kinesiske mur» av Rønnaug Kleiva. Dette stykket er basert på musikk og songtekstar av Randi Tytingvåg.

 

Hennar siste plate GROUNDING har fått strålande kritikkar både i Noreg og Tyskland.

 

"Røttene er i jazzen, men her trår hun inn på rocken og sanger/låtskrivernes folksomme mark med selvbevisst mine – og fremstår som totalt i kontroll." Aftenposten, Svein Andersen (terningkast 5)

 

"Randi Tytingvåg har en evne til å lage musikk som få andre her til lands. Hun er en historieforteller av internasjonal klasse både gjennom sine tekster og sin formidling."Side 2, Tor Hammerø

 

Med seg har ho

Dag Sindre Vagle - gitar, koring

Erlend Aasland - baryton gitar, banjo, cavaco, koring

 

Vinter/vår 2013 er ho aktuell med ny ep utgivelse. Sjå også www.tytingvaag.no.

 

På Club Sjøborg-arrangementa har Quality Hotel Ulstein open bar inne i salen, og fram til konsertstart har dei smårettsmeny i restauranten. For bordbestilling, både i restaurant og i salen, kontakt QHU på q.ul...@choice.no eller 70013000.

 

 

cid:image009.jpg@01CE1E47.EF0226D0

 

 

Billettsal: www.sjoborg.no og i Servicetorget ved Ulstein rådhus

 

 

Vi støttar kulturtilbodet på Sjøborg

 

 

cid:image014.png@01CD8F40.C5D37160

cid:image015.jpg@01CD8F40.C5D37160

 

 

 

cid:image009.jpg@01CE141B.AC0A6D00

 

 

cid:image008.jpg@01CE141B.C61C9EC0

Billettar får du kjøpe på nettsida www.sjoborg.no, i Servicetorget ved Ulstein rådhus (mån-fre 08-16, tlf 70 01 75 00) og i Kinokiosken (open 45 min før kvart arrangement/kino).

 

Send gjerne vidare til vennar og kjente.

 

Ynskjer du å bli sletta frå Kulturlista, send ein e-post til sjo...@ulstein.kommune.no.

 

 

 

 

 


______________________________________________________________________
Denne e-posten er skanna for virus av Symantec Email Security.cloud service
for Ulstein kommune
______________________________________________________________________
Reply all
Reply to author
Forward
0 new messages