Kjære alle Freddy-vener!
Som de veit har det vore lite aktivitet i Freddy den siste tida, etter at leiar Marte flytta til Sør-Afrika. Vi har ikkje hatt nok rekruttering av nye folk til å klare å fortsette, og har derfor bestemt at vi skal avvikle Freddy på ein ordentlig måte. Og med ein liten idé om at vi alltids kan starte opp igjen om det skulle kome nytt initiativ på eit seinare tidspunkt :)
Det er framleis mange trøyer som ligg rundt omkring og vi må diskutere nokre praktiske og administrative saker, så vi ønskjer å kalle inn til eit allmøte med påfølgende gravøl for Fredensborger. Dette blir onsdag 18. april klokka 18.00 hos Pernille i Oskar Braatens gate 11b. Etter møtet går vi på Bruun-Larsen rett ved for ei siste Freddypils.
Håper så mange som muleg har tid og lyst til å bli med! Det blir som alltid vafler og steike trivelig! Det er berre å ta med skjorter for alle som har liggande.
Foreløpig agenda:
1. Årsrapport 2017
2. Rekneskap 2017
3. Overføring til Utviklingsfondet
4. Brønnøysundregisteret
5. Bankkonto
6. Some-kontoar og nettside
7. Innsamling og resirkulering av Freddytrøyer
8. Gravøl på Bruun-Larsen
Beste helsing Ingrid