Yo peeps,
To ting:
1. Eg har laga eit fint excelark med festivalar vi har prata om så langt i sommar. Det ligg i Google Drive under 2015, og også vedlagt her. Det er ein del spørsmål i excelarket til forskjellige folk, så plz gå inn og fyll ut om du er nemnt.
Om det er ein festival du har tenkt deg på, og vil representere Freddy i samme slengen, er det berre å sei ifrå til meg, så kan vi prøve å ordne stand og eventuelt festivalpass. Også tips til festivalar generelt blir tatt varmt imot.
2. Den 25 april er det Tøyenfest, og vår eminente Hanne har fiksa plass til oss. Vi må ta med bord og stativ sjølv, og vi får ikkje selje sveler :(:( Men det er topp stemning uansett! Det varer frå 13-18, og det hadde vore veldig bra om vi er der heile
dagen.
Eg kan selje (og eg trur Ingrid sa ho kunne også?), og ettersom Ingrid har skjortene foreslår eg følgande oppstilling:
12:00 (opprigg) -14:00 Ingrid og Ida
14:00-16:00 Happy seller 3 & 4
16:00-18:00 (nedrigg) Happy seller 5 & 6
Så, kven vil bli med å sjå Tøyenløftet i praksis?
Gler meg til stand og festivalsommar!
Fred ut.