Skal no selje min kjære Edwards basstrombone. Han har dualbore slide og
10,5 tommers raudt klokkestykke og er ein heilt glimrande trombone.
Grunnen til at eg sel denne heilt glimrande trombonen er at eg nok må
skaffe meg ein mindre ein etter trøkk fra lærarar og kollegaer, men
Eddie er særleg glimrande for brass band speling. Eg speler diverre
ikkje i brass band lenger, og han litt stor for litle meg når eg ikkje
treng å spela grådig sterkt heile tida....
Eddie har vore med på monge festlege musikalske opplevingar, og Mahler,
Beethoven, Elgar og Schubert er han godvener med, men han gjer nok
arbeidet litt tyngre sidan han er så stor. Håpar å finna han ein god
basstrombone venleg norsk eigar, eg skal eigentleg bytta han inn mot
min nye, men eg veit kor vanskeleg det kan vera å få tak i gode
tromboner her heima, så eg tenkte eg skulle freista å selja han her på
berget først... Betre brukt basstrombone finn du ikkje!! Eg ville
behaldt han (bra nynorsk eller?) men eg har ikkje råd til to tromboner
sidan eg trass i alt berre ein fattig student....
Klemsa frå
Camilla Søderstrøm Tveit
camill...@hotmail.com
tel 56 17 83 39
fax 56 17 09 51
Sent via Deja.com http://www.deja.com/
Before you buy.