Eg kjøpte meg i all hast ein brukt bassgitar, og er interessert i å
finne ute meir nøyaktig kva det er eg har fått tak i.
Gitaren er ein firestrengs Fender, venstreutgave. På hovudet står det
"Precision bass", men halsen er antakeleg ein jazzbass-hals. Kroppen
ser ut til til å vere precision. Gitaren har både precision-pickup og
ein jazzbass pickup ved stolen, og aktiv elektronikk (det ligg eit
9V-batteri under dekselet på kroppen). Gitaren er "Made in USA", og
serienummeret er N7267847, som skulle tyde på produksjon i 1997/1998.
Det er tre kontrollar, ein volumkontroll nærmast halsen, ein som eg
ikkje er sikker på kva er i midten, og ein "dobbel" kontroll (stabla i
høgda) nærmast stolen. Eg hadde trudd at den i midten skulle vere
miksen mellom dei to pickupane (kan det stemme?), men syns ikkje
forskjellen er stor, bortsett frå at det eine ytterpunktet gir mykje
lavare volum enn det andre (kva kan vere årsaka til det?).
Den bakerste "doble" kontrollen verkar å vere tonekontroll - bass og
diskant.
Dersom nokon kan fortelje meg meir om dette instrumentet hadde eg sett
pris på det.
Asbjørn
--
A: Because it messes up the order in which people normally read text.
Q: Why is top-posting such a bad thing?
A: Top-posting.
Q: What is the most annoying thing on usenet and in e-mail?